Storneset

Gardsendevikjå

Gardsendevikjå 
heiter det her
kor steingarden møter sjøen
gjerdet dei arbeidde
til skilje mellom ditt og mitt

Før grenser fanst 
var Breivikjå namnet
Ho såg rekveden inn frå osen
vinka han raust forbi

Ein skulle hatt ei koie her ved rogna
vera toeine i sommarnatta
og ingen grenser skulle finnast

No 
i års alder 
kan ein sitja ved gards ende
minnast liv og draumar
og kjenna for sant
at alt kjem til endes

tm 2024

Loading