Håkon i Hiskjo

Elin Madsen:

Minneord ved onkel Håkon si båre

1. juli 1935 blei Håkon Levi Sønstabø fødd. Han var son til kunnskapsrike og arbeidsomme foreldre, Hilda og Lars Sønstabø. 

Håkon var den første guten på tre generasjonar på gardsbruk nr. 2 på Hiskjo. Han vart fødd heime, og budde deretter i huset på Hiskjo i all sin dag. Han var eit etterlengta barn, fødd nær ti år etter storesøster Agnes. To år etter Håkon kom veslesyster Nelly. Dermed var familien komplett. Han vaks opp i ein storfamilie, med far, mor, søstre, mormor Agnete, bestefar Jakob, den ugifte tante Signe, og etter kvart også farmor Alis Sønstabø. 

Livet på småbruket var arbeidskrevande, men det stod seg. I kombinasjonen jordbruk og fiske mangla dei aldri mat. Dei hadde poteter på eigen åker, egne grønnsaker, sau, ku, gris, hest og høns. Dei selde mjelk og egg og leverte dyr til slakt. Mellom arbeidsøktene på garden fiska dei, mest til husbruk men òg litt for salg. Å nytta ressursane og å ta vare på alt som kunne komma til nytte seinare, fekk Håkon læra tidleg.

Skulegangen besto av sju år i udelt skule på Hiskjo. Skulestart var i krigsåret 1942. Etter endt skulegang og konfirmasjon, tok Håkon fatt på vaksenlivet – som dreng på odelsgarden i ei uendeleg lang læretid.  

Av høgare utdanning hadde han kystskippereksamen frå Haugesund. Militærteneste avtente han i Hærens kløvkompani på Trandum leir, på den tid forsvaret hadde hestar – ei fin teneste for han som var van med dyr heimefrå. Militæret var òg viktig i det at han vart kjend med folk frå andre deler av landet. Det utvida horisonten.

Den største livsoppgåva til Håkon var likevel heima på Hiskjo, eit arbeid som skulle ta mange år, og kreva mykje arbeid: Fastlandsforbindelse til Hiskjo.

Det kan her leggjast til at Hiskjo i tidlegare tider hadde vore sentral i fiskeriet på kysten. Seint på 1800-talet kom fiskarar heit frå Nordland for å fiska i dette området. Og seinare — på 1900-talet — var det ei tid stor sildeforedling på Hiskholmen, med arbeid for mange. 

Håkon var heile sitt liv oppteken av historie, bygdehistorie generelt, Hiskjo spesielt. Og han brann heile livet for utvikling for Hiskjo-samfunnet. Han drøymde om gode gamle dagar, med stor aktivitet på Hiskjo. I dette bildet såg han fastlandsforbindelse som avgjerande. Utover på 60-talet hadde bil og landeveg teke over mykje av trafikken som før foregjekk på sjø. Håkon såg at utan veg ville Hiskjo havna i bakleksa. 

Konkret arbeidde han for vegutløysing for Hiskjo både privat og politisk, kanskje først og fremst gjennom sitt engasjement i Senterpartiet. Det må her nemnast at han sat i kommunestyret og diverse politiske utval i mange periodar, til saman i meir enn 20 år. 

Lokalt på Hiskjo var ynskje om veg og bru etter kvart eit gjengs mål. Sentralt i Bømlo var interessa så som så. Det var lita tru på at Bømlo kommune ville ha nytte av prosjektet, utover vegutløysing for rundt 40 sjeler. Vittige tunger spita òg om at vegen kom til å gjera det lettare for folk å flytta frå Hiskjo. Men hiskarane hadde eit ess i ermet, og det var dette Håkon, på vegne av heile Hiskjo, brakte til torgs: ei stor utemark!

I den store utskiftinga i norsk landbruk som fann stad på 1800-talet blei felles jord delt mellom gardar som var i drift. Men alt vart ikke delt på Hiskjo. I tillegg til det enkelte bruk si innmark åtte alle grunneigarane udelt part i felles utmark — eit stort område som i hundreår hadde vore nytta til beiteland og stølsdrift. Denne store utemarkjo nord på Hiskjo fekk fornya verdi på 70-talet — fleire ti-år etter at dei siste for lengst hadde slutta med stølsdrift på øya. Håkon fekk med seg dei andre grunneigarane som eigde utmark, på å tilby brorparten av nordamarkjo vederlagsfritt i byte mot veg og bru. Gjennom dette makebytet, der hiskarane gav land, ville heile Bømlo få eit stort friområde til bruk for alle innbyggjarar. Og slik blei det!

Vegen til Hiskjo kom. Hiskabrua vart opna 2. november 1979. Friområdet dekkar 500 mål, sommarsdag som eit populært badeområde. Der er bygd brygger, sett opp grill og toalett, opparbeidd turveg gjennom området, og parkeringsplass i begge endar. Området vert nytta nytta året rundt. Det vart til glede for heile kommunen, og ikke minst for Håkon som gjennom fleire tiår hadde jobba for dette.

Spiten om frå-flyttingsveg tagna også etter kvart. For dei 40 sjelene på Hiskjo blei buande, og folketalet auka til hittil toppnotering med 84 fastbuende midt på 90-talet.

For Håkon markerte vegutløysinga også eit anna vendepunkt i livet. Før Hiskabrua var offisielt opna, vart mor hans, Hilda, den første som vart køyrd med sjukebil fra Hiskjo. Ho døydde få dager seinare. Far, Lars, døydde seinhaustes i 1980. 

Dermed vart Håkon, dengong 45 år, endeleg sjef for eigen gard og hus. På det meste hadde ni personar hatt heim i huset. Frå 1980 budde Håkon åleine. Han vart verande einsleg heile livet. Stundevis var han einsam, men han søkte fellesskap med andre i mange ulike samenhengar.  

Han hadde så han klarte seg økonomisk. Han dyrka poteter, og dreiv grasproduksjon. Han reduserte gradvis dyrehaldet til kalv og sau, og med tida til utelukkande sau. Inntekter henta han så lenge det var råd også frå fiske. Kilenot etter laks sommardag, hummar om hausten, og sjølvsagt fisk til eige forbruk så lenge helsa heldt. 

Av arbeidet på garden var det sauehaldet som interesserte han mest. Han opparbeidde seg stor kunnskap om avl, fôring og ulike saueartar. (Onkelungane som dels er oppvaksne på garden veit sjølvsagt forskjell på ein Dala-sau, gammalnorske vidle smale, Blackface og Sjeviot. Sjeviotsauen er forresten den aller finaste!)

Det har vore tradisjon i familien Sønstabø å føra smalen til fjells på sommarbeite i Etnefjella. Dette var både eit slit og ei stor glede for Håkon. Han likte å gå i fjellet. Og var kvar sommar mange gonger innover Åkerfjorden og opp til fjells via garden Rafdal for å sjå om smalen. Han la ut saltstein, kalte dei til seg og såg til at dei hadde det godt. Fjellturane gav han eit mentalt løft. Og dei letta òg sauesankinga om hausten. Han kjende kvar sau i flokken sin, og dei kjende han. Han beskreiv med varme korleis han gledde seg over at saueflokken kom springande mot han når han ropte sitt kjende:  Sisa sisa!

Håkon levde som ein av dei siste i sin generasjon fiskarbondelivet på gamlemåten — mellom småbruk og småbåt. Han var organisert i Fiskarlaget, Bonde- og småbrukarlaget, og sjølvsagt Sau- og geitealslaget. Han var oppteken av avlsarbeid og var stolt kvar gong ein av hans vêrar eller lam vart premiert i kåringene på hausten. Og han stelte fint med sauene sine. På sett og vis bedre enn han tok vare på seg sjølv. Men så var han òg svært glad i saueflokken sin!

Håkon vart etter kvart ein gammal mann. Han slo gras så lenge han makta, dei siste åra med hjelp frå andre bønder på fastlandet med moderne maskinar. Ressursane skulle nyttast og sauene skulle ha mat. 

Tett før jul i 2021 vart han alvorleg sjuk, og låg lenge på intensiv overvaking på Haukeland. Det kunne vore slutten, men han hadde endå ting han måtte gjera i livet, og utpå våren kom han igjen køyrande til og fra Hiskjo i eigen bil. Han køyrde til Lykling for å snakka med einkvan der, til Svortland for å handla eller slå av ein prat med den han traff, eller til Erevik for å delta i songkveld når det baud seg. Friheten vegen gav, nytte han til fulle.

Utan livsarvingar frykta han å bli den siste som dreiv bruket på Hiskjo. Difor såg han seg om etter andre som kunne overta. Og i 2022 selde han til ein ung hiskar han visste var interessert i sau og ville driva gard. For Håkon var dette viktig: Det skal bu folk på Hiskjo, og vera liv og drift på øya!

Etter seg har han søster Nelly, svoger Rolf, og oss — familien til eldste søster Agnes. Håkon hadde liten nær familie men slekt betydde mykje for han, spesielt tante Gurine og søskenbarn på Meling og deira familiar. Og slekt i Åkerfjorden, på Habbastad, Lykling og Svortland. Han kjende alle og visste kor i slekta dei høyrde til.

Han hadde og eit stort kontaktnett av kjende og venner i politikk og i landbruk. Først og fremst blant sauebøndene, men òg blant fiskarar, bømlingar generelt og elles kjende også utover kommunen sine grenser. Eg har sjølv opplevd både i Trøndelag, på Os og Voss; når folk høyrer eg er frå Bømlo, fortel at dei kjenner ein mann på Bømlo, om eg kanskje kjende han? Han heiter Håkon Sønstabø. Eg har stolt kunna sei at det er onkel min! Han gjorde sitt beste livet ut. 

Ofte syntest Håkon det blei smått det han bala med. Men noko vart stort. Det største er veg til Hiskjo og eit stort friluftsområde for heile Bømlo!

Eg lyser fred over onkel Håkon Sønstabø sitt minne.

Elin Madsen

Loading