«Han tek ikkje glansen av livet»
Det går ikkje an å skriva om oppveksten på Sønstabø i etterkrigstida utan å omtala kristenlivet. Eg vil fortelja slik eg opplevde det som barn og tidleg ungdom, men med nokre kommentarar sett utanfrå i ettertid.
Slik eg såg det, vart dei vaksne delt i to grupper; dei kristne og dei ikkje-kristne. Begge gruppene trudde det fanst ein Gud som hadde skapt himmel og jord og at Jesus Kristus var Guds son, fødd av Jomfru Maria. Skiljet gjekk ved dei som gjekk på møta i bedehuset. Det var dei som var dei kristne. For å vera kristen måtte du vita at du var «omvend,» og helst hugsa datoen på kvelden/dagen det skjedde. Eg hugsar at mor ein gong sa til far: «Av og til tvilar eg på om eg er ein kristen, eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong har vorte omvend. Då har Matilde det enklare, ho kan seia kva tid det skjedde med henne.» Far svara, og eg kan fornemma ein liten irritasjon og resignasjon i stemma: «Ingen er vel ein tryggare kristen enn den som kan seia at barnetrua har vore der heile tida.»
Å gå på juletrefest eller basar på bedehuset, vart ikkje rekna som kriterium i denne samanhengen. Dei som gjekk på bedehuset, gjekk òg i kyrkja. Gjekk ein i kyrkja, men ikkje regelmessig på bedehuset, var det ikkje sikkert at ein vart rekna som kristen. Mest kristne var dei som gjekk på Meling Bedehus. Dei som reiste seg og tala under vitnemøtet, var litt meir kristne enn dei som ikkje reiste seg. Mest kristne mellom desse igjen var dei som tok til tårene når dei vitna, og som i tillegg stod fram som store syndarar.
Eg føler meg overbevist om at dei som stod opp og gjennom tårer tilstod si store synd, var ærlege og velmeinande. Dei satsa ikkje på dei gode gjerningane som frelsesveg, men håpte på nåden og vona at trua strakk til. Eg opplevde aldri tungetale på bede- huset.
Det er berre minna om menn som stod opp på bedehuset, som har festa seg. Tenkjer eg etter, var det også kvinner som reiste seg, men dei var meir stillfarne og kvar- dagslege i talemåten. Slik eg oppfatta det den gongen, var ikkje kvinnene i same grad gjenstand for vurderinga om dei var kristne eller ikkje. Ei kvinne som var gift med ein kristen mann var nærast per definisjon kristen. Om mennene ikkje gjekk på bedehuset, var regelen at konene gjorde det. Dei var også med i ei av dei mange misjonsforeiningane med base i bedehuset på Meling. Mennene syntest godt om den slags.
Frå familieselskap, særleg når to av brørne til mor, Johannes og Johan, var med, kan eg hugsa lange og engasjerte samtalar om visse handlingar og framtoningar var synd eller ikkje. Noko var underforstått, og ikkje gjenstand for diskusjon: Det var ikkje synd om menn røykte, men kvinner som røykte, synda. Alle som drakk alkohol synda. Onkel Johannes meinte det var synd at kvinnene klypte håret, heilt til kona hans, tante Agnes gjorde det. Neste steg var å ta permanent i håret. Det som vekte mest diskusjon, var trendar som dukka opp etter krigen.
Det meste var synd: Høghæla sko, sko med open front (– meir synd enn bar hel), raudmåla negler på hand og fot og raudmåla munn. Kino og dans var synd, det same var kortspel. Mor har fortalt at ho ein gong var på ei førestilling i Komedieteateret i Bergen. Grunnen var at tante Ane, søster til farfar, var hushalderske for teatersjef Alf Hordnes. Ho hadde difor kjennskap til teateret og kunne skaffa billettar. Mor har fleire gonger sagt at ho følte dette ikkje var rett for henne. Onkel Knut (Staveland), bror til farfar, var tilsett ved teateret som scene- og kulissearbeidar. Han er morfar til skodespelar Sigmund Sæverud.
Far var og med i slike samtalar, men tona ikkje bastante synspunkt. Hans bidrag var å komma med forsiktige motførestillingar når dei andre var svært konservative og bastante i ytringane sine, etter hans meining.
Meiningsutvekslinga kunne og gå på om dåverande sokneprest Storeide kunne vera kristen ettersom han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget. Onkel Johan hadde gode kjensler for Pinsevennene, dei var minst like gode kristne som bedehusfolka. To av søstrene hans var gifte med kvar sin bror i Haugesund som var pinsevenner. Begge stemte med Ap.
Det første møtet med det organiserte kristenlivet for dei fleste på Sønstabø, var gjennom aktivitetar i det gamle Meling Bedehus. Det vart rive i 1954, same året som gamleskulen, og treverket vart nytta i det nye bedehuset. Det vart plassert litt lenger nord, på andre sida av vegen for det gamle, og vart teke i bruk i 1955.
Det gamle bedehuset låg litt nord for gamle Meling skule, kloss i vegen på austsida. Inngangspartiet i nord på langsida førde inn i ein gang med trapp opp til ein halv andreetasje med kjøken og benkerader i fronten ut mot salen der luker i veggen mot salen kunne takast vekk så rommet fungerte som eit galleri. Storsalen hadde faste trebenker fram mot podiet i sørenden, der det var talarstol og eit trøorgel. Eg hugsar ikkje heilt fargane i rommet, men eg ser for meg brune benker og dører og lys brune vegger.
Mitt bedehusliv starta med sundagsskulen, der eg gjekk før eg tok til i første klasse. Alle ungane på Sønstabø gjekk på søndagsskulen, og eg tok følgje med dei eldre dei første åra, før eg sjølv vart ein av dei eldste. Heile tida var sundagskulelæraren Kristen-Olaen, eller Ola Meling som var namnet han skreiv seg for. Han var snill og tolmodig, og hadde nok disiplin til at sundagsskulen kunne gjennomførast om lag slik han hadde planlagt. Då eg skulle skriva meg inn på folkeskulen, viste det seg at han var far til Sigbjørn som kom i same klasse som eg.
Det minnet om Kristen-Olaen som står sterkast for meg, er måten han ba på: Han lukka augo, knepte hendene og løfta dei tett til brystet og vogga sakte og lett fram og tilbake på hel og tå. Kvar gong han siterte Johs. 3.16 sto han også i denne posituren: For så høgt har Gud elska Verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Eg trur alle som hadde Ola Meling som sundagsskulelærar hugsar dette bibelverset. Like godt hugsar eg den sundagen i gamlabedehuset då ei søster til Olaen, heimkomen frå USA, møtte opp med rikeleg amerikasnop som vart delt ut til alle ungane. Enkelte dagar, særleg i påskehelger, fekk me besøk av damer som dekorerte forteljingane sine med flanellograf der fargerike folk, hus, tre og dyr av filt vart kleba fast på ei plate dekka med grøn filt. Det skulle ikkje så mykje ekstra til før det engasjerte oss.
Stemplingskorta med plass til blå eller mørk rosa stjerner i var ein viktig del av sundagsskulelivet. Sjølv om stjerna var ein viktig motivasjonsfaktor ved stygt ver, rakk eg aldri å oppnå full score på frammøte. Forkjøling og feber vinterstid får ta ein del av skulda.
Søndagsskulestemnet for heile øya vart halde i Åreiddalen på seinsommaren. Då gjekk me mann av huse. Transporten dei fleste åra var skøyta Utsyn, eigd av Knut Veivåg. Broren, Rasmus, var maskinist. Utsyn var ei staseleg skøyte i god stand og kom innom Sønstabøvågen for å henta gardsfolket etter at melingarane hadde gått om bord i Vinsen. Mor hadde stelt i stand god niste, pakka i ei ny skoøskje, og med egg og sild som hovudpålegg på brødskivene. Kaien i Åreid hadde berre plass til ein båt i lengda. Difor måtte skøytene liggja side om side i breidda, i den rekkefølgje dei kom til kais. Møteplassen oppe i Åreiddalen var i gåavstand frå kaien. Vel framme sessa me oss ovanfor preikestolen i det svakt skrånande terrenget med blåbærlyng. Nista vart sett til livs på same plassen i matøkta. På heimvegen la alle skøytene frå land samstundes, og då vart det lett eit lite kapprace utover til leiene skildest. Eg ser for meg sjøen i leia for inn- og utreisa i Sønstabøvågen på desse turane, som full av små blåmaneter.
Ein av dei første mennene eg opplevde i gamle Meling Bedehus utanom sundagsskulelærarane, og som gjorde sterkt inntrykk på meg, var Matias Orheim. Eg vart teken med på eit møte han hadde ein kvardagsettermiddag i sommarhalvåret.
Orheim snakka og såg ut som ein vanleg emissær av den milde, snille typen. Det spesielle var at han var blind, og at han kunne spela på glas. Glasa sto på eit bord på podiet til venstre for talarstolen saman med ei mugge vatn. Han fylte ulike mengder vatn i glasa med øvd hand, og ved å gni peikefingertuppane på kanten av glasa, fekk han fram melodiar.
Lite visste eg då kva kapasitet Matias Orheim var. Han var fødd på Stårheim i Nordfjord i 1884 og døydde same stad i 1958, 73 år gammal. Orheim vart heilt blind i 1916, men reiste som emissær i mange år etterpå, som oftast med kona som reiseylgje.
Sangboken, revidert utgåve, utgjeven av «bedehusorganisasjonane» i 1955, har med ni songar av Matias Orheim. Fire av desse er med i 2014-utgåva av Norsk Salmebok (nr. 423, 424, 509 og 667). Til dei to første, Å, var eg meir deg Jesus lik og Eg har ei teneste stor for Gud, har Orheim, i tillegg til mange av dei andre songane, skrive melodien. Dette vitnar om at songane vart mykje brukte i Orheims samtid, og at dei er slitesterke og har litterær kvalitet. Ein av songane i Sangboken, Ved Jesu føter ei stille stund, hugsar eg som ein av dei mest brukte bedehussongane i min barndom. Den vart skriven i 1908, då Orheim var 24 år, berre åtte år før han vart blind. Han har reist rundt i landet i femti år for å formidla det han trudde på. Av alle songane eg høyrde mor syngja i min oppvekst, trur eg det var Ved Jesu føter ei stille stund som lydde oftast. Første vers i nr. 455, skriven av Orheim i den gamle Sangboken, kan stå som motto for all songen mor spreidde rundt seg: Kvardagskristen vil eg vera, Syn for segn det krev Guds ord. Samklang mellom liv og læra, Det er himmelsong på jord. Som den djupe fjord kan greia Spegla himlen høg og blå, Skal ein kvardagskristen spreia Festglans kring det kvardagsgrå.
Ein annan mykje brukt bedehussong som er skriven av prestekona Helga Ingebretsen om lag på same tid, i 1903, får meg også til å høyra mors song: Gå omkring i Jesu namn, Hjelpe, trøste stille savn, Vise medynk, tørre tårer, Lege alt som hjertet sårer, Virke sådan i det stille – Det var det jeg gjerne ville.
Eg trur desse to songane uttrykkjer mange av dei kjenslene som var typiske for bedehusfolket frå tida før, under og like etter krigen, påverka av ei pietistisk vekkingsrørsle på sitt beste, og som batt saman jord og himmel.
Utanom søndagsskulen og møtet med Matias Orheim, hugsar eg bedehuset frå juletrefestar med juletre og mat i posar. Sundagsskulen heldt fram i det nye bedehuset med same lærar, og frå denne tida hugsar eg og Asser Svendsen som fast medlærar og organist. Asser hadde ein meir humoristisk tone enn Olaen, og var ein klårare grensesetjar.
Eit minne som indirekte har med søndagsskulen å gjera, har festa seg. Frå 1951 og eit par år framover budde den engelske antropologen John A. Barnes på ulike stader i Bremnes, på Meling, Hiskjo og Rubbestadneset. Det resulterte i 1954 i publikasjonen Class and Committees in a Norwegian Island Parish (Klasse og bindingar/relasjonar i ei norsk øysokn). Det er i denne avhandlinga Barnes definerer og utvidar omgrepet network i moderne sosiologi. Inspirert av eit fiskegarn som hang til tørk i Melingsvågen fann han ut at network var meir dekkande enn web som var brukt tidlegare til å forklara relasjonane mellom menneska i det samfunnet han hadde studert.
Seinare har dette omgrepet vorte det rådande i samfunnsfaga og sosialantropologisk litteratur. Som unge høyrde eg det vart sagt at Barnes kom til Meling etter å ha studert primitive folkeslag i Australia. Slik eg hugsar det, var Barnes på søndagskulen på Meling saman med Mons Meling. Eg trur det var i det nye bedehuset, og i så fall må Barnes ha vore på besøk etter at han var ferdig med feltarbeidet sitt. Han, Asser og Mons snakka saman i gangen etter at sundagsskulen var slutt, og det var ein munter passiar med mykje latter. Nokre dagar etterpå høyrde eg tvillingane på Dalen seia «wass, wass, wass» når den eine sa noko til den andre. Eg spurde kva dette skulle bety, og dei svara at dei hadde lært å le på engelsk, og det hadde dei lært av Barnes på sundagsskulen. Han sa «wass, wass, wass» når dei andre sa «ha, ha, ha.» John Barnes hadde lært seg norsk, og det er truleg at samtalen gjekk føre seg på norsk.
Medan me gjekk på barneskulen, vart det skipa til ein guteklubb som møttest i kjellaren i bedehuset ein gong i veka. Der fekk me mellom anna fletta korger og fat av peddig. Når peddigtrevlane hadde vorte vatna, var dei lette å forma og fletta, noko som gjorde dette til ein hobby me kunne meistra. Farfar var med og starta klubben som var i regi av Misjonssambandet og heldt på eit par år.
I trettenårsalderen slutta me på sundagsskulen og gjekk over i Yngres. Det var møte på sein ettermiddagstid annankvar veke, og møta vart haldne på bedehusgalleriet. Leiarar var unge jenter som var 5–10 år eldre enn oss disiplane. Eg hugsar Bjørg Meling og Tordis Økland, søskenbarnet mitt, som leiarar, og det kunne vera vondt å få alle gutane til å vera i ro lange tider om gongen. På Yngres var det ei bok med stive permar der medlemmene i tur og orden skulle handskriva eit stykke som skulle lesast opp. Utgangspunktet var nok at det skulle vera eigne tankar som skulle setjast på papiret, men nokon hadde begynt å skriva av artiklar frå julehefte og annan kristeleg litteratur, og det vart regelen. Utanom ein kort andakt vart det sunge songar frå Sangboken, med eller utan gitarakkompagnement. Han tek ikkje glansen av livet var ein song som Trygve Bjerkrheim (1904–2001) skreiv i 1950, og som først kom i den reviderte utgåva av Sangboken i 1955. Eg var elleve år då, og songen vart reine slageren i bedehuskrinsar. Melodien var frisk og fengande, og dei fem korte versa var lette å læra og hadde ein forståeleg tekst. Denne songen var fast innhald på yngreskveldane, ofte etter ønskje frå deltakarane. Så populær var songen at det snart kom ei parodiert utgåve med starten «Han tek ikkje livet av dansken.»
Langt seinare, då Trygve Bjerkrheim var om lag 95 år gammal, høyrde eg han i Bryne kyrkje. Sjølv i så høg alder var han ein flott mann med fyldig, kvit manke og klår røyst. Han hadde minnet til ein ungdom og var god til å fortelja og forkynna. I 1930 vart Trygve Bjerkrheim uteksaminert som cand. theol. frå Menighetsfakultetet med beste karakter på kullet. Han har skrive om lag 15 000 songar og dikt og har fem salmar i Norsk Salmebok 2014. I tillegg er det med ni salmar han har omsett.
Eg hugsar yngrestida som ei grei, men ikkje noko skjelsetjande tid. Eg levde i barnetrua utan at eg følte det forplikta. Me var komne i den alderen at det å treffa og å sitja ikkje langt frå jentene, eller av og til ei spesiell jente, var største motivasjonen for å møta.
På slutten av folkeskuletida (1955 – 1958) hende det eg gjekk på kveldsmøte på bedehuset enten i lag med mor og far eller med kameratar. Talarane var enten folk me kjente frå krinsen eller andre stader i kommunen, eller det kunne vera tilreisande emissærar. Me unge syntest programmet var langdrygt og ikkje særleg fengande, med velkomsthelsing, opningssong, bøn, andakt, song og tale, og av og til vitnesbyrd. Ofte var Musikklaget med, og då vart det meir liv over møtet. Det var mest kvinner i musikklaget. Eg kan hugsa tante Tilla, Signe i Melingsneset, Anny Meling og Bjørg Meling. Birger Økland var fast på mandolin, og eg ser for meg at Mandius Nesse og Hans i Haug frå Nese var med og song.
Fanny Crosby, den blinde amerikanske metodisten som levde frå 1820 til 1915 skreiv over 8000 hymner. Tekstane vart omsette til norsk i tida før og rundt første verdskrigen og fall i god jord i bedehusmiljøet også etter siste krig. Musikklaget nytta seg av mange av hennar songar, og Salige visshet: Jesus er min! er ein tekst og melodi som får meg til å minnast Meling Musikklag. Denne strofa står også på gravsteinen til søster mi, Magnhild, som døydde av kreft i 1976, 22 år gammal.
På vitnemøte var det som regel dei same 5–10 personane som reiste seg, og dei fleste visste då kva kvar og ein av dei ville ha sagt. Nokre opna med å sitera eit bibel- eller salmevers som «hadde komme for dei» medan dei sat i benken, andre vitna om kor godt det var å vera frelst og kunna få forlating frå syndene. Eg var aldri vel til pass når dei som reiste seg på vitnemøta, tok til tårene når dei fortalte kor store syndarar dei var, og at dei sette sin lit til nåden. Det vart også litt lummert for meg når eg høyrde kviskringa «Ja, Jesus; Å, Jesus» rundt meg. Eg var aldri i tvil om at dei som grein og sukka gjorde det fordi det var slik dei følte det, og at det var i samsvar med deira indre, men at menn som i det daglege snakka som hardbalne mannfolk, grein så inderleg, gjorde meg forlegen. Spesielt hugsar eg Hans i Dalen frå Nese og onkel Johannes i slike situasjonar. Eg trur grunnen til at nokon kjenner seg heime i ei forsamling og ikkje i ei anna, grunnar mykje meir i form enn i innhald. Dersom folk rundt meg strekkjer hendene i veret og nærmar seg ein slags ekstase, føler eg meg alltid på feil stad. Folk er ulike. Ofte enda eit vitnemål opp i ei bøn om at det måtte komma ei vekking over bygda og landet.
Det er skrive mange bøker med skildring av religiøs vekking i bedehusmiljø rundt om i landet, og eg hadde høyrt dei vaksne snakka om slikt med utgangspunkt i Meling Bedehus før krigen. Ofte var det tilreisande predikantar som stod i front. Mi erfaring med ei vekking, eller vekkelse som folk sa, fekk eg heilt på slutten av femtitalet. Dei som «stod i vekkelsen» den gong, var Henrik Røykenes og Ole Abel Sveen. Røykenes var sjefen og vel 30 år, og Sveen var songevangelisten midt i 20-åra med gode anlegg for musikk og så vakker at alle kvinner måtte verta oppglødde av han. Møteserien var på forsommaren, for eg hugsar at begge var med då det vart feira Jonsok på Tunnelbakkane. Før bålet vart tent, var det leikar, mellom anna skulle gutane springa og få tak i ei jente, og begge emissærane var ivrige i leiken og sprang seg sveitte. Eg var på fleire av møta i ein periode som strekte seg over minst to veker.
Bedehuset var fullt av folk, og etter kvart var det fleire unge og vaksne som kom fram «og bøygde kne for første gong», enten under møtet eller etterpå. Det var ei ekstra lada stemning i lokalet under møta. Det vart snakka om teikn i tida som vitna om at dommedag var nær, og dersom den dagen skulle dra ut, var det ingen som visste kva tid og time kvar og ein skulle døy. Dersom ein ikkje var frelst, gjekk vegen rett til helvete til evig pine og straff: Tenk deg ei granittblokk, ein meter til alle sider, og at det kjem ein liten fugl og set seg på steinen og kvesser nebbet ein gong i året. Når heile granittblokka på denne måten er slipt ned, har det gått eit sekund av evigheten. Er du frelst av nåde, ligg vegen til himmelens gleder open, så kom i kveld, ta i mot Jesus som din Frelsar, og du vil kjenna kor godt du får det og kor fri du er.
Fellessongen understreka bodskapen i talen: Gud, når du til regnskap kaller (nr. 150), I dag er nådens tid (nr. 158), Jeg råde vil alle i ungdommens dage at de dog i tide må tenke seg om (nr 163), og Sveens meir smektande tonar, fekk oss til å føla ein forsmak av himmelen. Eg hugsar at Karl Johan, som gjekk i same klasse som eg, etter eit av møta fortalde meg at han hadde vorte omvend. Han har sidan stått fast i trua og vart i si tid generalsekretær i Det Vestlandske Indremisjonsforbundet.
Den same stillinga hadde også Ole Abel Sveen. Henrik Røykenes vart bibelskulelærar og døydde i 2013, 87 år gammal. Både Karl Johan og Ole Abel har seinare fått Kongens Gull for innsatsen.
Som alle andre kjente eg sjølv alvoret i bodskapen. Eg hadde mi gudstru, men mangla viljen til å svara ja til den omvendinga eg vart invitert til. Dersom eg skulle ta inn over meg smerta i at storparten av dei som hadde levd, og som skulle komma til å befolka jorda framover, og som ut frå sin frie vilje valde å takka nei til frelsetilbodet skulle gå over i ei evig pine, kunne eg aldri få fred. Særleg påstandane om at me var fødde i synd og avla i synd og at eit barn ville hamna i helvete om det døydde udøypt, verka opprørande og ulogisk på meg.
Eg minnest kvelden eg gjekk ut av bedehuset etter møtet og såg vestover på det stille havet med ein raud sommarhimmel over, og at eg tenkte at livet hadde vore godt dersom det slutta med døden. Så gjekk eg ned i Vågen, rodde færingen ut sunda med torskesluken på slep og kjente den gode roa senka seg over meg. Det var som ei stemme inni meg sa at min veg til frelse ikkje gjekk gjennom frykta for evig pinsle. Om det var Gud eller Djevelen eller mitt eige indre som tala til meg, er det ikkje menneske gitt å seia.
Misjonsarbeidet stod sterkt i melingskrinsen på femtitalet. Dei fleste vaksne kvinnene på Sønstabø var med i ei eller fleire misjonsforeiningar. Eg har ikkje tal på kor mange ytre- eller indremisjonsforeiningar som etter tur samlast i eit lite, oppvarma rom i bedehuset til ein kort andakt, ei matøkt og flittig handarbeid. Dei strikka vottar og kufter, broderte dukar og puter og sydde klede til dokka som var hovudgevinst på haustbasaren. Vottane var dei same enten pengane gjekk til Afrika eller Sjømannsmisjonen. Dei fleste foreiningane hadde med ein mann som stod for andakten. Eg hugsar Hans Magnussen frå Nese, Mons Meling d.e. og Ole Hallaråker på veg til kvinneforeining, og kjem i hug visa til Jakob Sande der han skriv om å byrja på eit nytt og betre liv: Eg skal sitja som ein munk i misjonskonering og drikka kaffi medan drøsen går om åndelege ting, trur eg.
Dei to største organisasjonane var Det Norske Misjonsselskap og Misjonssambandet (NMS) eller «Kinamisjonen» som det vart sagt til dagleg. Tilknytinga til misjonsforeiningane kunne gå i arv frå generasjon til generasjon. Mormor høyrde til NMS og gjekk i «Gamlemisjonen», og mor og tante Tilla gjekk i hennar fotspor, først i «Unges», før dei godt opp i syttiåra gjekk over i «Gamlemisjonen»
Andre misjonsforeiningar eg hugsar frå melingskrinsen frå den tida, er Ytre Sjømannsmisjonen, som i dag vel er konsentrert om Sjømannskyrkjene, Indre Sjømannsmisjonen, som kom med båten Elieser til Melingsvågen, Finnemisjonen, Muhammedanarmisjonen og Santalmisjonen. Eg kan ikkje hugsa om det var eiga foreining for indremisjonen – Indremisjonssamskipnaden og Det Vestlandske Indremisjonsforbund som organisasjonane heitte.
Farmor og farfar høyrde til «Kinamisjonen». Omreisande emissærar tok inn hos dei. Eg har gløymt namna på mange, men Jens Rongsvåg, Knut Feravåg, Rafoss og Arne Åno er namn eg hugsar frå dei første åra. Eg hugsar også at dei vaksne snakka med respekt om Gustav Ballestad, men han har eg aldri sett eller høyrt. Den eg minnest best er Arne Åno. Når han hadde møte på Meling, budde han hos farmor og farfar etter at dei flytta opp i andre etasje. Ein dag i hummarfisket fekk han og eg vera med farfar ut for å dra teiner, og han hadde det same gode humøret på sjøen som i bedehuset. Han spela trekkspel, og han kunne ikkje tala utan at tårene rann. Det var dei einaste gongene eg syntest det var heilt greitt at ein mann grein i bedehuset.