Navaren
Ein einsleg fortøyingsbolt ved skjergarden har også eitkvart å fortelja, og forresten er han heller ikkje så einsleg som det først kan synast. Leitar me litt omkring, finn me fleire, og det er ikkje tilfeldig kor dei er meisla ned, desse navrane som dei gjerne vert kalla, etter utsjånaden. Langs leia inn til Sønstabøvågen står eit dusin slike boltar, med og utan ring.
Navrane var viktige innretningar den gongen seglet sytte for fartøyet si framdrift. To vilkår som var vesentlege for den siglande, var vind og dagslys. Når desse føresetnadene vanta, fekk navaren straks ei oppgåve. Her kunne skuta fortøyast i smult farvatn når natta kom på og det var tid for å tørna inn. Stilna vinden av, vart det smått med framdrift. For å avansera, sette ein tamp i boltane og forhalte, eller varpa, skipet til hamnar. Plasseringa av boltane innetter vågen vitnar tydeleg om denne funksjonen.
Fortøyingsboltane me ser fleire av her me står på Kvarven, vart truleg sette opp på 1850-talet. Det hadde samanheng med vintersildfisket som då var inne i ein rik periode. Mange fartøy, fiske- og føringsbåtar, heldt seg langs leia her nokre hektiske vinterveker, og det var stor trong for slike «festigheter».
Det var Havnevæsenet som i si tid sette opp boltane og sytte for vedlikehald. No for tida står navrane for det meste gjerandslause og vedlikehald er lågt prioritert på offentlege budsjett. I Kulturminneåret 1997 kom lokale eldsjeler saman til vedlikehaldsdugnad, pikka rust og måla opp både boltane og merkinga på berget – kvite og svarte sirklar.
Frå Fyrdirektøren si dagbok 1869
Den 11. juni: – Fjellknattene og salteriene blir styggere for hver gang man ser dem. Det som skulle kunne forsone meg en smule med omgivelsene, er de mange bilder av Tobias Landskapsmaler, anbragt på mangfoldige steder her ved havnen.
Men Tobias har vært for ensformig i utøvelsen av sin kunst til å vekke almen interesse. Som landskapsmaler Balche alltid malte Nordcap i måneskinn – og aldri annet enn Nordcap i måneskinn – således malte Tobias alltid hvite sirkler med en sort klatt i midten, og intet annet. Han viser sort på hvitt at han har vært her, og er altså lett å kontrollere. Hvilke bilder kunstskjønnere ville foretrekke, Balches eller Tobias’s tør være uvisst. Men sjøfolk ville sette Tobias’s prestasjoner langt høyere, for den hvite flekk med den sorte prikk markerer en fortøyningsring. Den viser den ukjente at her er en havn hvor skuten kan ligge trygt. Hvor mange fartøyer har ikke en slik ring frelst fra forlis og undergang!
Fyrdirektør Carl Fr Diriks, 1814-95