Namn og rykte i skjergarden
Under denne overskrifta vil eg skriva om namn langs strandlinja og skjergarden rundt Bremneset. Mest ligg det på meg å sikra at namna vert hugsa, også av di det gjerne knyter seg historie og tradisjonsstoff til dei.
Det er fleire som har samla skjergardsnamn i området vårt. Peter Hallaråker (PH) har skrive boka Skjergardsnamn frå Bremnes (Universitetsforlaget, 1976). Han nyttar Ole Andreas Selle si hovudfagsoppgåve frå 1948 – Stadnamn frå eit øyrike – som grunnlag.
Kulturkontoret i Bømlo kommune organiserte ei innsamling på 1990-talet med kjentmenn frå gardane, mellom anna Maurits Sønstabø (MS), som også på eiga hand har samla namn. Ein annan samlar er Fridtjov Sønstabø (FS). Langs Hallaråker si strandlinje har eg fått hjelp av Anne Marit Ekornsæter Bø (AM) som på vidaregåande skule skreiv særoppgåve om heimegarden sin.
Når samlarane nyttar ulike namn på ein og same stad, leverer eg variantane vidare. Av kjelder elles, viser eg stundom til bygdeboka, mest bind 1 (BB1).
Eg skriv namna talemålsnært – med feit skrift – fordi den lokale seiemåten også er eit kulturminne å ta vare på. Elles i teksten får namna stort sett normert form. Eit diskusjonstema når det gjeld talemålet i bygda vår, er om bunden form av hokjønnsord har ending på -o eller -å. Etter „boka“ er endevokalen -o i bremnesmålet, men her er lokale variasjonar og dei lydlege nyansane er hårfine; eg vel å notera å-ending sidan eg finn det mest heimsleg her sør på Bremneset. Dette gjeld også fleirtal av inkjekjønnsord.
Fleire lokalitetar har namn etter personar, kjeldematerialet prøver ikkje å identifisera desse. Av kjeldene er det forresten berre PH og AM som freistar forklara namna, om dei då ikkje er sjølvforklarande. Når eg no prøver meg med namnetyding, er det berre å innsjå at eg er ute i seinaste laget; gamle menneske som kunne ha vore viktige informantar, er farne utanskjers. No får ein klara seg med språklege tilnærmingar para med lokalkunnskap. Eg vonar at dei som har tilfang å melda – feil og forteljingar – tek kontakt. Mi reise i skjergarden tek til i Sønstabøvågen og endar ved Hallaråker.
Ordbøker som er nytta:
Ivar Aasen: Norsk Ordbog, 1873
Christian Vidsteen: Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland, 1900
Leiv Heggstad: Gamalnorsk ordbok, 1930
Universitetet i Bergen: Norsk ordbok, 2014
UiB/Språkrådet: Nynorskordboka/Bokmålsordboka, 2017
Det Norske Akademis ordbok, 2018
Sønstabøvågen
Våjen ligg skjerma innanfor Ingebriktsnese og endar i sør i Mekjarvikjå, eller Vikjå, som me seier innanfor den lokale namnekrinsen. Klampen og Klampabråte er vaktpost ved utløpet.
Ingebriktsneset har namn etter ein strandsitjar som budde her (BB1/661). Mækjarvika fekk busetnad på 1850-talet, namnet er mest truleg etter norrønt mækja, ei plante i dag kalla sverdlilje. Skjeret Klampen er eit symjemål for badande i vågen. Tykkjer ein det er i lengste laget å symja frå Vågakaien til Klampen, kan ein nøya seg med å ta seg tvers over, til Raugabuå (– i dag utan bu).
Like innanfor Klampen, på nordtunssida av vågen, ligg Sjubbehålå (Sjøbu-), ein gamal husmannsplass. Her sette Ola Anderson Mehus (f 1813) seg til i 1858, etter at han i nokre år hadde budd i Tuesundsholmen kor det står ein bauta over han (BB1/659). Eit eldre namn på parsellen er Svinatre.
Den ytre vågen
Straks utanfor Klampen – og Kariskaje på sørsida, kjem me til eit stort basseng innover mot Søre Melingsvåjen i nord, og dei tre sunda i sørvest. Held me oss til styrbord, passerer me fyrst Silkjebærskårå og deretter Bjønskloven.
Eit skag er eit lite nes; kven kvinna var som er opphav til namnet, skulle eg gjerne ha visst – og kvifor. Silkebærskòra er mest kjend etter ei tragisk ulukke der ei 12 år gamal jente omkom på 1840-talet, ho plukka bær og fall i sjøen (BB1/629). Namnet Bjørnskloven tolkar eg som ein gest til bamsen av ei steinblokk som har hi i kloven.
So kjem me til Orravikjå, nedanfor Orrehaugen, frå gamalt naustplass for nordtunsmannen. Om orrfuglen held revir ved sjøen eller oppe i haugen, får vera slikt slag. Lenger inne, forbi Fredriksbryggjå (BB1/629) og Monsabuå ligg Slåkarevikjå.
Ved Monsabua dreiv Mons Pedersen Nordtun (1816–1900) med sildesalting.
Ivar Aasen seier om ordet sloka: en lang Fordybning, en Huulning som ligner en Rende. Ein annan versjon av namnet har føreleddet Slaka– (FS), båe handlar vel om terrengform.
Styrer me derimot søretter ut frå vågen, rundar me Kattanakkjen, eit skjer som ligg landfast ved fjøre sjø. Truleg er det dette skjeret PH omtalar som Skjåbleikja – skjå er nemne på eit skur, i dette tilfellet med same funksjon som ei notbu. Skjåen stod ytst på Ingebriktsneset og vart offer for orkanen i 1952. Med motorbåt er det lurt å fylgja Støttå sitt råd og ikkje ta snarvegen innanfor. Berget me no får på babord, kallast Uspå (Øspa), det er av utsjånad ein slektning av Hansabråte, på vestsida av ytre vågen.
Det er tøft å stupa frå Hansabròtet, har eg høyrt; går det vel, kan ein ta seg i land ved Hansahålå sørom berget, eller i Dåvikjå, like nordom. Sistnemnde namn er nok påkome etter våtlendet, doven, innanfor stranda.
Held me no fram innetter, er det fyrst å nemna Kjølvableikjå (– også kalla Hansableikja ifylgje FS). Måsen likar seg godt her i hekketida – minken òg.
Her finn me den fyrste av navrane i området, Kystverket sin fortøyingsbolt med eller utan ring. Navar er lokalt nemne for slike. Dei vart sette ned på 1850-talet i samband med sildefisket. Navaren her var truleg også nytta når skuter skulle forhalast ut or vågen. Ved leia inn til Sønstbøvågen finn me endå åtte navrar, plasseringa tyder på at dei like mykje var tenkte til forhaling som fortøying.
Neste stopp er Notabusjerå, her hadde væreigaren i Vågen notabu på 1800-talet. So kjem me til Sanddal’n, melingarane sin badeplass, med fin sandbotn. Bergknausen som avgrensar mot aust, kallast rimelegvis Klubben, etter forma.
Ut mot havet
Vil me til havs, får me tre val. Langs landet på babord passerer me Uspasjere før me kjem til Årablasonde. Sistnemnde kjem av at åreblada tek land i den smale passasjen, grunt er det òg. Holmen kallar me Årablaholmen, han har Midtsonde som skilje mot Nore holmen (– eller Midtholmen). Dei med stor tonnasje bør velja Norasonde, då kjem ein rett på hovudleia ut, via Håkksete. Utgangspunktet for dette namnet må vera den gamle nemninga hågsete – i dag høgsete. Vidsteen hevdar at uttalen hos oss oftast er håkksete. Høgsetet er den gjævaste sessen, og her er det vel tenkt på den digre steinblokka som tronar under bergfallet. I Håkksetevikjå er det forresten fint å ankra opp om ein vil ta natt nær havet.
Vidare utetter må ein halda seg klar av Markusboen på babord. Om det var evangelisten som fekk landkjenning her, eller einkvan frå Markhus, skal ikkje vera sagt; namnet har fleire skriftlege variantar.
På vestsida kjem ein straks forbi Kvitanese og Søra Steinavikjå før ein tek seg gjennom Litlabrumsond. I 1882 utførte Hamnevesenet sprengings- og mudringsarbeid her, og gjorde sundet mellom Litle Brumsondsholmane og fastlandet meir farbar.
Midtre – og Søre Brømsundsholmen er skilde av ein smal og grunn passasje kalla Tjuahåle. Det var her dei låg og venta, karane som ifylgje segna slo i hel Samuel Olsen då han rodde framom (1840).
Brumsond har vore eit kritisk punkt i leia, som ofte har lagt fartøy vêrfaste i Sønstabøvågen. Sundet ligg mellom Store Brumsondsholmen ( – med seglmerke) og Midtre -.
Måndag 22. januar 1928 stod dette å lesa i Haugesunds Avis:
Fryktelig ulykke i Bremnes, 4 mennesker, hvorav 1 kvinne og et barn, som var på vei til lægen druknet utenfor Sønstabøvåg lørdag formiddag. Skøiten fikk maskinskade, drev på land og blev knust. Den eneste reddede stod på et skjær hele lørdagen før han blev berget. (Kjelde: Erik Bakkevig: Skipsforlis i Bergensleden – Fra Bømlahuk til Holmengrå, s 30; BB1/16) Les meir.
Hovudleia til havs går mellom Brømsundsholmane og Småsjerå (med stake). Svartanese på Søre Brømsundsholmen – like nord for Småskjera – gav dei gamle råd om det var forsvaleg å ro Litlabrømsund. Går sjøen over Svartaneset, er det best ein snur, vart det sagt.
Like sørom Småskjera ligg Karlableikjå og vaskar seg i vestavêret. Elles er det Longholmen innanfor som må ta støyten når havet er stort.
Ved to høve so langt har me støtt på namn med sisteleddet -bleikja. Denne nemninga vert nytta om små holmar eller store skjer, oftast låge og vaska reine for jord. Me kjem til å finna fleire bleikjer.
Ved Hjeltholmen
No må me ikkje gløyma Jeltholmen før me ror vidare. Ikkje stort turistmål, men eit viktig vern for leia innanfor. Her har det vore teke torv, og det er fortalt at i tørkesomrar tok folk klesvasken ut hit for skyljing. Om namnetydinga kan du lesa her.
Innanfor hovudleia til havs er det altså ei indre lei for småbåtar, Jeltholmsonde, avgrensa mot vest av Kløftholmen, Tverrsonde, Jeltableikjå og -sonde, og til sist Hjeltholmen.
Kløftholmen – eller Klubb- og kløftholmen, har namn etter kløfta som mest deler holmen i to. Også her finst torvskòrer, og dessutan planta granskog. Det var vel i den tida etter krigen då sitkagrana skulle lokka kystbonden til å bli skogbrukar. I min barndom kalla me forresten holmen Kaninholmen etter at det vart sett ut kaniner her på 1950-talet. Dyra hadde magre kår, så trass i stor økslingsvilje vart her ikkje nokon varig bestand.
På austsida ligg innløpet til Stykkjevikjå, Mannavikjå og Fiskabrudn (– eller Litlanespøylå (FS)). Her må ein passa seg for Mannavikesjerå, dei er knapt synlege på flod sjø.
Stykkevika har namn etter ein jordteig, dels dyrka, som vart disponert av husmannen på Ingebriktsneset. Kva namnet Mannavika kjem av, er ukjent. Historia til Fiskabrunnen er det visst heller ingen i dag som kjenner. Pøyla er stengd, dels av fast berg og dels av opplagd stein, truleg for å ha levande fisk gåande her.
Før me kjem til Kvarven – med navar – der me svingar inn i Komløysonde, ror me langs Vaholmen. Vel me Vaholmsonde, på innsida, får me problem ved Straumen; her kan ein entra holmen nokolunde tørrskodd på fjøre sjø, herav holmen sitt namn. Ved nordenden av holmen er de ei lita vik, kalla Glipehålå. I dag er det visst ikkje så mange som fiskar med glip.
Gjennom Komløysundet
Komløynå er kongen blant holmane her, stor som ho er, og variert i natur; ho har status som øy, ikkje berre ein holme. Kva namnet kjem av, er ikkje eintydig. PH meiner det kan koma av norrønt kuml som tyder gravrøys eller gravminne. Ei segn vil ha det til at ein sjømann er gravlagd på øya; på høgd med støttene i sundet er her ei ur som kallast Kapteinsurå kor han visstnok kviler. Ei anna tilnærming er knytt til ordet komle som hos oss også vert nytta i overførd tyding om små, runde steinar; øya har førekomstar av slike i den nemnde ura.
Det er eigentleg to øyar, Nora – og Søra –, skilde av ei kløft, Øyasjifte. I Sjiftesvikjå er det på fjøre sjø råd å ta seg over både for folk og fe – øyane har i alle år vore nytta til sommarbeite for småfe.
Vika ved den nørdste navaren kallast visstnok Torje (Torget) (FS), andre kjelder talar om Hansavikjå.
Ved Øyaskiftet, på vestsida, finst ein lokalitet med namnet Jutakjeilå. Sisteleddet gjev god meining: keile = smalt sund; trong vik, evje, seier ordboka; fyrsteleddet er meir utfordrande. Av ulike forslag til tyding, har eg mest tru på Håkon Sønstabø sitt, han meiner staden er ideell gyteplass for sild og at det opphavleg kan vera Gytakeila som var namnet.
Nord for Hansavika, på austsida, finn me Torvstedle, eit namn som har samband med torvskjering på øya. Her var vodleplass (tørkeplass) for torvene før dei vart førde i land. God lending er her òg.
Komløyarkipelet endar i sør med Komløyklubben, og i nord med Tøkje, kor ein samlar (tøkjer) sauene for heimføring om hausten.
Ved Tøket er Komløya skild frå Kubbholmen med eit smalt stryk kalla Fibbarestraumen. Substantivet fibb har ikkje hatt heim i mitt morsmål, men ordboka hevdar det er ei massenemning, til dømes steinmasse. Om so er, kan namnet kanskje sikta til steinblokkene som ligg i straumen og hindrar ferdsel.
På fastlandsida av Komløysundet finn me innanfor støttene Gullkronevikjå, Stora – og Litla –. Kva bakgrunnen for dette namnet er, anar eg ikkje. Vidare forbi Litlanese kjem me ut på Kråkevåjen som fører inn til Kråkevikjå til høgre og Litlanesvikjå til venstre.
Kråkevika har frå gamalt vore ein mykje nytta kastevåg, stimfisk søkjer inn hit. Vika har også vore ein god stad for rakfangst. Å samla rak har gjennom tidene vore viktig for folket på kysten, særleg har drivtømmer vore kjærkome for dei skoglause gardane her ute. Frå gamalt er det fortalt at under eit bryllaup på Sønstabø forlét gjestene festen av di det ryktast stort tilflòt av rak i området (PH s 90). Om den store raksaka frå 1827 kan du lesa her.
På veg ut frå Kråkevika, langs Stornese, passerer me Storneshidlaren før me kjem til Garsendevikjå, eller Breivika som ho heitte før skiftesgarden mellom Sønstabø og Mehus kom til etter jordskiftet i 1847. Storneshidlaren er registrert som steinalderbustad, og under 2. verdskrigen var han gøymestad for englandsfararar som venta på skyss over Nordsjøen.
Rånese (FS) er neste stoppestad. Neset stikk ut ved sørenden av Gardsendevika. Frå gamalt kan ei rå tyda markskilje. Kan neset ha vore nytta som grensemerke før skiftesgarden nemnd ovanfor kom til?
No dukkar straks Otrakammarvikjå opp. Innanfor vika ligg utslåtten Otrakammaren. Herifrå førde mehusbøndene høyet i båt heim til Vågen. Men kva tyder namnet? Det kan du lesa om her.
Varavikane, Nora – og Søra –, ligg nedanfor den forhistoriske gravrøysa med varde, eit landemerke sør på Storneset. Heilt sør på neset finn me Stornesvikjå. Her ute er fint å sitja og meditera – om havet, livet og kjærleiken. Me bør vel også nemna Stornesboen og -fluene – på kvar side av vika – så ingen går på, om dei siglar nær land.
Svinøyosen og Sekk
Me er no komne til Svinøyosen. Fyrst får me notera at os i denne samanhengen tyder eit ope havstykke, ofte avgrensa av skjergard. Når me har passert Storneset, kjem me ut på ein slik os. Lyngsvo, Høgableikjå og Håsondsbleikjå utgjer den ytre, avgrensande skjergarden.
Høgableikja endar i sør i eit skjer kor ein kan ta seg over på lågt vatn, Snubben kallast det. Snubb kan ha tydinga, liten gut ( – eit kjælenamn?). Verbet å snubba tilbyr ei anna tolking, å snerta borti. Nemninga vert då ei substantivering av verbet.
Midt ute på osen ligg Stongafluå, rigga med stake, men me ror ikkje osen, fylgjer heller landet og passerer snart Tønnevikjå ytst på Storneset.
Me etlar oss inn til Sekk – kastevågen med sjølvforklarande namn. Kva’l (Kvalen) held auga med innløpet medan dei lumske Sekkaboane lurer under yta. På høgd med båane ligg på vestsida Skråmehålå (skråme = tare) og deretter Bjødnatuå. Innanfor Notabutånjen, neset på austsida, ligg hamna med rorbuer og naust på begge sider av vågen – på austsida i Sjursvikane, Nora- og Søra-.
Ror me ut att langs Skarpanese, kjem me til Grudnapodl, ein gamal badeplass. Her endar Skarpaneset i ein spiss ved innløpet til pollen, herav namnet på neset får me tru. Før me kjem so langt, har me forresten passert Skarpanessteidn, ein isboren geologisk gjest i stranda som har fått eige namn og status som referansepunkt.
Før Hiskavegen kom til, kunne ein ro inn i Grunnepollen og på flod sjø ta seg vidare inn i Homrabrudn, ein lang fjordarm som endar ved eit eid mot Kråkestøosen. Her drog dei gamle båten over til Idlavika og hadde soleis ein snarveg til Kråkestø og Kastevåg. Utløpet frå Humrabrunnen har frå alders tid vore stengt av ei demning som gjorde det mogleg å samla hummar her inne, helst om han var under minstemålet.
På sørsida av innløpet til Grunnepollen ligg Metøynese. Metøynå (Midtøy-, jf. namnet Mehus) er ei halvøy som ligg mellom Humrabrunnen og Kastevåg. Me ror gjennom Kvalsonde, rundar neset og kjem til Stegavikjå, siste stoppestad før Strussøynå. Før me ser nærare på denne halvøya, tek me no ein avstikkar ut mot dei ytre holmane i skjergarden.
Dei ytre holmane
Vil me ut til den ytre leia, kan me i staden for Komløysundet ta oss ut gjennom Longholmsonde, forbi Kubbholmen og ut på Guleploven. Om plove seier ordboka: Vegstrekning (serleg nytta om lang og krevjande strekning).
På styrbord har me no Gulå som ligg i forlenginga av Langholmen. Gula er ein tradisjonell laksaplass. Like vestom holmen finn me Guleboane, eller Larsaboane som dei også vart heitande etter den tragiske ulukka her 20. mai 1840. Kyrkjeboka fortel nøkternt om hendinga:
Lods Jokum Knudsen Nordthun, 50 Aar
Knud Jokumsen Nordthun, 18
Lars Gundersen Nordthun, Gaardmand 39
Gunder Pedersen Mehuus, Lods 48
Disse 4 Personer druknede; deres Liig ere ei gjenfundne.
Området mellom båane og Karlableikja vert kalla Homrahave (Humra-). Mellom Gula og Langholmen går Kattegatt, eit smalt sund med stor stein som stengsel. PH meiner namnet må vera ei rein oppkalling av det likelydande danske farvatnet; eg lèt meg likevel freista av ordspelet katt + gatt, resultatet vert då kattehòl. Då er det vel kjetta sjølv som sit i opninga og freser mot skipskatten.
I 1943 havarerte ei skøyte i tung sjø ved Gulebåane og vart driven inn gjennom Kattegatt før ho sokk på innsida.
På høgd med Kattegatt, skjer Kråkekloven seg inn i Komløya. Når Guleploven møter havet, blir leia delt av Litla Våtahåve. I dag er her lite motsjø, men me ror innanfor Stora Våtahåve via Våtahåvshålå med kurs for Nore Svartøyane og Nora Svartøysonde. Ut av sundet må ein passa seg for Nilsaboen på babord. På austsida av holmen, i sundet mot Komløya, ligg Grudne steinane, også her må me styra unna.
Medan me médar nedover mot Søra Svartøysonde, ser me Teistableikjå på babord, og Teistasonde mot Søre Komløy.
Ved innløpet til Søre Svartøysundet, mellom Flatøynå (– eller Flata Svartøynå) og Søra Svartøynå, ligg to båar – ein på kvar side – kalla Soknapresten og Kapellanen. Om dei geistlege kjenner seg æra av å bli likna med båar og skjer, veit eg ikkje, eventuelt får ein trøysta seg med ei strofe av Olav H Hauge:
Det er mange skjer i sjøen.
Likevel var det
eit skjer
som vart frelsa di.
Like aust for Flatøya ligg Lyngsvo. Svo er same ordet som sva: glattskurt, skrånande berg. Denne holmen tilbyr soleis både svaberg og vegetasjon. Også her har torvspaden vore på ferde, etter skòrene å døma. Like sør for holmen ligg Lyngsvobleikjå og tilhøyrande Bleikjesunde.
I det farvatnet me held oss no, finn me fleire sund med namneleddet ål, i denne samanhengen nemning for ei renne i sjøbotnen. Mellom Teistableikja og Flatøya går Svartøyålen; mellom Flatøya og Lyngsvo, Lyngsvoålen, og endeleg Høgableikjeålen på austsida av den bleikja.
Som siste utpost sørvest på sønstabølandet – på Nyvingsosen – ligg Nyvingane, fyrst dei to Smånyvingane og so Store Nyvinjen med satellittane sørom, Nyvingeboane. Lenger nord for Smånyvingane finn me Nyvingefluå, på høgd med Høgebleikja. Store Nyvingen har frå gamalt vore vertskap for laksenot.
Ifylgje Vidsteen brukar me verbet nyva i tydinga avstumpa, avrunda. Når etterleddet -ing vert lagt til, må vel resultatet verta eit substantiv med tyding noko som er avstumpa.
Strussøya
Strussøynå er endå ei halvøy som vart tilgjengeleg via landevegen til Hiskjo. Strussøya er felleseige mellom grunneigarar på Nordtun, Mehus og Sønstabø og er difor skild ut med ein gamal steingard me kan sjå restane av, ved Stien. Dette namnet må, etter uttalen (– tostavings tonelag), koma av substantivet stige, som i tillegg til å vera namn på ein klatrereiskap, også vert nytta om smal gangveg (for krøter) i bratt lende, ifylgje Norsk Ordbok. Då tenkjer eg me er i mål med tolkinga. Steinura ved Stigen har ikkje berre vore gøymestad for mink og oter, under okkupasjonen hadde lokale motstandsfolk ammunisjonslager her.
Den før nemnde Stegavikjå reknar eg å vera eit sekundært namn i høve til Stigen, det er snakk om vika ved Stigen, altså Stigavika, men her med open i-uttale.
So var det namnet på halvøya: Struts er ein fugl me ser lite til på våre kantar, så me må vel finna andre utvegar. Ivar Aasen skriv om substantivet strut: Tud, fremstaaende Rør; ogsaa en Snude – kan me bruka noko av dette til å karakterisera halvøya si form?
Ei anna tilnærming kan gå via verbet strussa som finst i ymse målføre – men eg veit ikkje om det har tradisjon i vårt. Det har same tyding som vårt verb tøkja, til dømes å strussa inn sauene. Dette kan gje meining i vårt tilfelle. Halvøya har frå gamalt vore brukt som sauebeite og eg vil tru det kan ha vore utfordrande å tøkja sauene ned ved Stien. Eg må likevel vedgå at eg spør meir enn eg svarar i dette høvet.
Me tek oss sjøverts frå Stigavika og kjem snart forbi Kassavikjå, Nora – og Søra –. Kva fyrsteleddet i namnet siktar til, veit me visst ikkje, men staden er rekna for å vera ei god rakavik. Utanfor ligg Tednebleikjå med tilhøyrande båar.
Straks har me Håsonde og Nora Svinøynå forut. PH knyter fyrsteleddet i namnet Håsundet til fiskearten hå, kor rimeleg tolking det er, veit eg ikkje å døma om.
Peter Hallaråker har forresten ei segn knytt til Håsundet:
Hinmannen sette seg ein gong føre å hala Svinøya til lands, feste tau i ein bolt på øya og drog. Tauet slitna og Freistaren fór på ræv; enno kan ein sjå merke i berget etter olbogane og bakenden hans.
Om og når Svinøya var tilhaldsstad for svin, veit me lite om, men øya har fleire lokale stadnamn å by på: Nora – og Søra Svinvikjå, Svinøyklubben – neset mot Håsundsbleikja, dessutan er eit nes mot nordvest nemnt Snubben. Ved navaren i Håsundet finst den beste tøkjeplassen på denne beiteholmen.
I Håsundet passerer me Håsondsvikjå og -holmen før me kjem ut på Korleosen. Korlå tilhøyrer hiskaren sitt rike, så katten får heller landlov på Søra Svinøynå, like sør om Leiasonde og Leiasondssjere.
Me vil halda oss ved strussøylandet enno litt. Oppetter Tuesondsosen passerer me fyrst Kjedlaren – ein god glipeplass etter mort, seiest det – og Kjedlarefluå før Kaspervikjå opnar seg. Kasper levde på 1700-talet og er omtalt i BB1 s 645. Det er visstnok hagemuren hans me enno ser nede ved sjøen. Ved Tuesonde observerer me Pålsklubbane til venstre, to bergknausar – den siste ved brufestet, og Tuesondsholmen til høgre.
No ligg oss Kråkestøosen for baugen. Nordaust på Strussøya skjer Varavikjå seg inn i lendet før me kjem til Kastevåg, dette namnet forklarar seg sjølv.
Neste stopp, forbi Kastevåg, vert Idlavikjå. Her renn bekken ut som drenerer Idlamyra, eg vil tru vika har fått namn etter myra. Uttalen tyder på at det er adjektivet ille som utgjer føreleddet; då er nok ikkje namnet nokon god attest for torvmyra.
Ved Kråkestø
Endeleg kjem me no fram til Kråkestø, denne gamle samferdsleterminalen for bygda her ute. Her tok postføraren seg i land på 1860-talet, og her sette konfirmantane seg til årene når dei skulle til prestegarden på Finnås for å lesa – som dei gamle sa. I nyare tid kom folk austanfrå når dei skulle til trygdekontoret, so lenge det var i Sønstabøvågen. Etter restane av vorane å døma, var det minst tre båtstøer ved Kråkestø. Det er elles tredje gongen no at kråka har dukka opp i stadnamna våre, kva ho no har der å gjera.
Setravatnet har utløp i Setravikjå, som rimeleg er, og utanfor ligg Setrasjerå.
Lenger inne kjem me til Kvednavikane. Her var det Ole Mølstre i Vågen hadde kvern, eller rettare, oppe i bekken kor vatnet frå eit stort nedslagsfelt samla seg ned mot sjøen. Lenge låg ein kvernstein her, ved sørenden av Apalemyra, og vitna om historia.
Symjevikjå markerer grensa til Grøna nese; granskogen har etter kvart gjort lendet endå grønare. Dei to Kvednaholmane finst òg her, medan Grønanes-sjerå ligg ved sørspissen av neset.
Mot Hallaråker
Me er no på kurs mot Hallaråker. Fyrst passerer me Garsvikjå kor steingarden frå Symjevika når sjøen på austsida. Dernest fer me forbi Tausahamn og Nilsaberje.
Namnet Tausahamn høyrest interessant ut. Noko innskipingshamn for tauser til havbygda har det vel neppe vore, avsides som staden ligg. Heller ikkje finst her tradisjon som stadfestar at stølstausene lauga seg her – så då får ein vel berre ro framom.
So kjem me til Tongane, to små landtunger som peikar kvar si lei. Skjeret utanfor kallar seg Tongableikjå. Ved Tongane finn me også Apalevikjå. Landverts kan ein ta seg ned til vika frå Apalemyra via Apaleklypet. Kanskje er det same epletreet dei tre namna viser omsorg for.
Vidare mot Hallaråkersonde ror me forbi Grøne tånjen og so Skiftesteidn, ein stein i sjøkanten som er utgangspunkt for grensa mellom Hallaråker og Sønstabø.
På styrbord har me no Hallaråkerøynå – eller Øynå lokalt – og Øyableikjå. Nordvest for Øya held me avstand til Kobbaskjerå før me passerer Tresklubben. Neset har namn etter eit træde innanfor – eller tre som me seier – eit inngjerda jordstykke brukt til beite eller stølsplass (– mjølkestad). Forut ser me opp mot Flatholmen – eller berre Holmen, men me vil til lands ved Nyekaien kor Hallaråker-garden har si offentlege lending, ved Søgarssjødn.
Etter å ha passert Kvitesteidn og Kattanakkjen er neste namn å nemna Auståkersjødn; kanskje er det i hellinga opp frå sjøen her at me finn opphavet til gardsnamnet Hallaråker.
Frå Høgaberje og innetter fjorden er det Hallaråkerhaslane som regjerer strandlinja heilt inn til Hatlevikjå med Hatlevikesjerå utanfor. Haslane har forsynt nærområda med hasselneter i mannsaldrar.
Deretter kjem me forbi Maratånjen eller -klubben. Namnet er knytt til ein hest, norrønt marr; PH fortel om bakgrunnen (s 78): Det vert fortalt at Melandsfolket hadde ei merr i hage i Hallaråkermarka. Her skulle det vere så godt beite at dei sauene som gjekk her, hadde like mykje kjøt på rova som dei andre på heile skrotten. På Hallaråker vart dei irriterte på denne merra og sette seg derfor føre å jage henne på sjøen og få henne til å symje over sundet til Meland. Dei jaga henne ned på Maraklubben og ut i sjøen, men merra drukna.
På høgd med Straumsholmen får me Mekjavikjå på babord før me kjem inn til Straumen. Ved Porkeskårå endar ferda vår; det er på tide å snu, skal me nå heim til kvelds.
tm 31.07.2018