To dikt om kjærleiken og døden
I
Inkje anna enn død og kjærleik
er verd å skriva om
seier diktaren
Då vil eg skriva om døden
At ein dag
skal eg stå ved livs ende
– er det allereie over
ugjenkalleleg
for seint
slutt
– skal alle mine sansar
sløkkjast
og aldri meir
nøra eld ved din nærleik
II
Inkje anna enn kjærleik og død
er verd å skriva om
seier diktaren
Kvifor skal eg skriva
om døden
– han kjem til alle
hentar ut
og låser av
Kva meir er å melda
Men kjærleiken
kan eg skriva om
Alle dei eg er glad i
vil eg skriva om
Noko om å få vera nær
og at dei ikkje må døy
tm05